Ledig eksemplar er ikke til utlån. Ventetid må påberegnes ved bestilling.
Det ledige eksemplaret kan leses på biblioteket, men ikke bestilles eller lånes med hjem.
Han sat ved vindauget i den vidaregåande skulen og lengta etter ei han hadde gått ifrå. Av og til kunne han sjå henne setja ranselen frå seg, og gå inn på do. Ein dag fall ein papirlapp ned på pulten hans. Ikkje lenge etter stod han på kaikanten og gret. Han gjekk om bord i ein båt i skogen. Der låg han naken saman med ei som stakk eit lår ut i lufta og ein fot ned på dørken for å støtta dei opp. Sidan drog han med ei ferje. Han kom til ein framand by, langt borte frå pensum, der han ein kveld skulle stå under ein lyktestolpe og lese eit forferdeleg brev. Heile tida var han på nippet. Det var slik det kjendest. På nippet til eit eller anna. Han heitte Arne Bu.