Ledig eksemplar er ikkje til utlån. Du må rekne med ventetid om du tingar.
Eksemplaret kan berre lesast på biblioteket, ikkje tingas eller lånas med heim.
Tenåringen Signe hugsar attende og fortel om seg sjølv den fyrste tida på ei ny stad - mykje erting, ingen kameratar. Så møter ho Valborg, ei eldre enkje som er plassert på aldersheimen fordi ho ikkje lenger kan greie seg på garden der ho har budd heile livet. Signe og Valborg får kontakt med ein gong og kan prate saman om alt. Ein dag er Valborg borte, Signe og faren dreg avstad for å leite og Signe trur ho veit kvar Valborg er å finne.