Forlaget skriv om denne boka:
Alex er 15, og ligg ofte og søv på pulten når han er på skulen, prøver å unngå konfliktar. Han er desperat og har berre lyst å vere rebell. Oftast let lærarane han i fred, men Vegard er masete, han vil at han skal bruke "ressursane sine".
Alex er rebell. Det er iallefall det han kallar seg. Alex bur i lag med mor si i Stavanger og blir kalla "Storhaugs skrekk". Han sit i kjellaren og spelar punkplater ingen har høyrt om, frå ei samling han har fått av faren som han aldri har møtt. Gjennom chatting på MSN finn han mystiske Julia. Dei planlegg å møtast, men visse komplikasjonar oppstår. Kva med Silje i klassen? Er kanskje Alex forelska i henne, og er det gjensidig. Alex sender ein SMS og får positivt svar. Kva skjer når Alex planlegg å møte begge to, på same dag? Og kva med Beate frå Vassøy og venninna hennar? Er ikkje dei også heilt greie damer?